Målsetjing for Kvinnherad Vekstbedrift AS

  • KV AS skal gje arbeidstilbod til yrkeshemma som ynskjer det og som med oppfølging innanfor verksemda sine rammer, har kapasitet til å ta del i tilrettelagd produksjon av kvalitetsvarer og - tenester for nærings- og privatmarknaden.
  • KV AS skal søkja å gje ein trygg og strukturert stad å vera på, sosialt samkvem, behovstilpassa tilsyn og oppfølging og vedlikehald/ fremjing av arbeidsdugleik og sosialisering.
  • KV AS skal søkja å vera eit tiltak retta frå avvik, avstand, mottakarrolle, passivitet og hjelpebehov til normalitet, medansvar, ytarrolle, aktivitet, sjølvstende og sosialitet.
  • KV AS skal ved hjelp av mellom anna verdsetjing gjennom krav og forventningar, ved ei teneleg form for etterleving av arbeidslivet sine generelle ordningar, ved nettverkssamarbeid og gjennom verdige og inspirerande rammekår, søkja å tilføra trivnads-, status- og meiningsdimensjonar og bidrag til høg livskvalitet - til beste både for den einskilde arbeidstakaren og for samfunnet.